tirsdag 29. mars 2011

Kongsvik Ungdomsskule

Ah, no angrar eg. Angrar på at eg ikkje har skrive meir nynorsk her på bloggen! For det hjelper faktisk. I morra er det nynorsk prøve eksamen, så eg er litt seint ute kan du seie. I dag har vi hatt norsk prøve eksamen. Vi skulle skrive ein skjønlitterær tekst om tema: liv.

Det er det same temaet i morgo også, berre at då skal vi skrive sakteks! Eg liker ikkje det så godt eigentlig, skal eg vere ærlig. No berre skriv eg mykje slik at eg får trening. Tenkte at eg skulle få til å skrive tre til blogginnlegg før eg legger meg i dag og eit på morgonen i morga. Og då skriv eg om det meste.

+ at eg skal skrive meldingar på nynorsk også. Kanskje skrive eit brev til mormor(83). Det blir ho glad for. Like greit å sende ein mail eigentlig, for ho er så teiknisk av seg.
Chilla hund det her då! Ein slik ein skal vi mykje mogleg få i slutten av mai! Ah, det hadde vori gøy.

Norsken i dag gjekk ganske bra. Eg skrev om ei jente som berre var glad av natur. Ho vakna opp og tenkte at livet smilte til ho. Den dagen skulle ho gjere noko uten om det vanlege. Ho gjekk ein tur, og på turen skreiv ho ned i dagbuka si korleis dagane hennar kan være. Seie at ho gjekk til bestevenninna sitt hus. Og med det skreiv ho ned at ho hadde moglegheiten til å ha venne-dagar. Og fortalde litt om det. Neste var f.eks at ho kom til eit sted der ho kunne velje om ho skulle gå til høgre eller venstre og med det skreiv ho at ho hadde mogleheita til å ha vanskelege val- dagar.

Litt vanskeleg å forklare, men eg får jo skrive ein del. Jiho.

Eg var ho som gjekk sist av alle på det datarommet, så det er litt lættis. Det er ikkje lurt å tyggje for mykje tyggis, for da blir magan litt rar då kan du seie.

Foresten, kor var du då Petter Northug tok gull på tremila i Holmenkollen? Eg var i Holmenkollen, mihi. Det var ganske spennandes då. God stemning og alt! Ola Nordmann!


Og foresten *2: Kor var du, min venn, torsdag forrige veke?

Å! Lurar du på kor eg var? Eg var jo sjølvsagt og tok mopedlappen, eg! Det var digg. Fekk fem feil, kunne ha fem også så det passa jo bra då.

No er eg i nynorsk fokus ass. Verkelig. Eigentlig skulle eg på sonetreining i dag ein time unna, men det ville tatt meg 4 timar tilsamans, så eg droppa det eg. Slike val tykkjer eg kan være litt vanskelege og tricky innimellom.


Du seier alltid ''I morgo, JA, i morgo skal eg leve'' Seie meg, min venn, kven kjem eigentlig den dagen du snakkar om?


Er ikkje den fin? Brukte den i oppgåva idag.


Snakkas seinare mine vennar/ nettet!

0 kommentarer: